Søknadsfristar Søknadsfrist for nye elevar til hausten var 1.februar, og det har kome inn seks søknadar. Slik det ser ut pr. i dag har vi fem ledige plassar til skuleåret 2014 / 2015. Vi tek inn elevar fram mot skulestart så lenge det er ledige plassar. Nytt frå skuleåret 2014 / 2015 er at inntaket av elevar stoppar 01.10 sjølv om der er ledige plassar. Berre på spesielle vilkår kan ein ta inn elevar etter denne datoen, dette går fram av det nye inntaksreglementet som styret vedtok 04.02.14. På SFO er søknadsfristen 1.april, og her må alle søkje kvart år. Karneval Fredag 14. avsluttar vi med karneval i gymsalen frå 12.30 – 14.30. Elevane vert oppmoda om å vere kreative å finne kostymer heime, det er ikkje meininga at ein skal kjøpe nye kostymer. Vi har med matpakke som vanleg og så vert det open kiosk under karnevalet. Det vert sal av heimelaga pizza ( 10 kr ) og saft m/ påfyll ( 10 kr.) Karnevalet er våpenfritt! Vinterferien Det vert aktivitetsdagar måndag, tysdag og onsdag i vinterferien. Det er 22 påmelde måndag, 26 på tysdag og 27 på onsdag, av desse kjem 9 elevar frå andre skular i kommunen.SFO vert ope torsdag og fredag , og her er det 7 og 8 som har meldt sitt behov. Kunstkafè 22.mars Laurdag 22.mars kl.14.00 arrangerer FAU kunstkafè på grendahuset. Dei har invitert nokre lokale kunstnarar til å stille ut produkta sine og i tillegg skal elevane selje sine kunstverk. Det vert tombola og sal av kaffi og kaker. Veka etter vinterferien vil FAU sende ut arbeidsliste og alle foreldra må rekne med å hjelpe til denne dagen. Vi skal også ha loddbøker som vi skal prøve å få selje på førehand. Det vert jobba med å få gevinstar på desse, og dersom nokon har gode forslag til dette vil vi gjerne høyre om det. Dei som sit i komiteen er Veronika Ulriksen, Bettina Skov og Alf Petter Bøe. For å gi elevane inspirasjon til å lage sine kunstverk, har vi på skulen invitert Solveig Hopland og Oddny Løseth Velle på besøk på skulen i kunst og handverktimane denne veka her. Skulefrukt No kan dei som vil gå inn på www.skolefrukt.no for å bestille frukt for våren 2014. Sjekk: www.velledalenmontessoriskule.no Her kan du følgje med på noko av det som skjer på skulen vår.
Rektor: 91522451 / 70250116 SFO: 41233039 Lærarrom: 41233049 Epost: rektor@velledalenmontessoriskule.no
www.velledalenmontessoriskule.no Kristin Grebstad rektor |
Nyheiter >