Elevane ved Velledalen Montessoriskule har vore med på det landsomfattande miljøretta kunstprosjektet Skriket frå naturen, og mellom over hundrede innsendte bidrag vart vi ein av vinnarane!!! Vi er stolte over oss sjølve. Både gruppe 1 og gruppe 2 sende inn bidrag og det var gruppe 1 ( 1.-4-klasse ) sitt bidrag som gjekk heilt til topps. Dei samla inn gardiner og sengekle som dei bruke til å lage Skrik på Dalemyra stadion. Skriket frå naturen er initiert av kunstner Lise Wulff, og utvikla i samarbeid med Bellona og Pure CSR. PanStudios er prosjektet sin digitale mediapartnar. Prosjektet er innlemma i det offisielle programmet til Munch150 - feiringa av Edvard Munchs 150-årsdag. FNs miljøorgan UNEP er ein samarbeidspartnar. I november 2013 blei det lansert ein konkurranse om å lage Noregs beste Skrik frå naturen. Alle skuler i landet kunne delta, og dei har fått inn 110 ulike Skrik frå 24 skuler frå heile landet fortel Lise Wullf. Fokus er på miljøvern og gjennbruk. Det vart plukka ut tre vinnarar som kvar får 5000 kroner som skal brukast til ei utandørs valfri oppleving pluss diplom. Dei andre vinnarane er Marienlyst skole og Drøbak Montessori Ungdomskule. Juryen sei dette om vårt bidrag: Dette er eit sterkt bidrag, både visuelt og miljømessig. Heile bildet er vakkert med naturen som bakgrunn og eit skrik i dempa fargar i forgrunnen. Ombruk er sett i fokus,eit viktig miljøtiltak. God læring -ta vare på og sy om. Sjølve tildelinga skjer på Gamle Logen i Oslo i dag føremiddag. Det vert det arrangert ein stor Partnership for Change-konferansen, som samlar over 300 næringslivstoppar, ungdommar, politikarar og forskarar frå heile verda. Under konferansen skal alle deltakarane saman med elevane frå dei ulike vinnarskulane lage eit Skrik frå naturen av solcellelampar. Elevane Helena Harnett, Isac S.Melendez, Leah Sofie Skotheim Hjorthol reiser i dag til Oslo saman med lærarane Sølvi Goksøyr og Monica Hole for å ta imot premien. Vi får dekka noko av reiseutgiftene frå arrangøren, i tillegg dekker Sykkylven Energi resten av reiseutgiftene slik at vi kunne ta med elevar til Oslo. Elevane gler seg veldig til å gå på sena i for å ta imot premien samstundes er dei er svært spente også, mellom anna fordi dei skal svare på spørsmål på engelsk. Vi håper og trur at dette vert ein minnerik Oslotur for både små og store. Vi som er att heime ynskjer dei lukke til og vi skal også feire dette på skulen i dag. |
Nyheiter >