Torsdag skal alle elevane på skulen til Tandstad skule kl.10.00 for å sjå " Høgt og lågt med Tryllefløyta". Charlotte Fongen, Bjørnar Myhr og Magne Fremmerlid kjem då for å gi elevane ein flott, vakker og morosam presentasjon av Tryllefløyta. Operaen er blant dei mest spelte i verda, og er elska for si sjarmerande historie og sitt solide musikkhandverk. Dei to operasongarane vil ikle seg figurane Papagena og Papageno, samt Pamina og Tamino, Nattens Dronning og Sarastro, mens pianisten er orkesteret. Å overvinne det onde med det gode er noko av bodskapen, krydra med ein god porsjon av god, gamaldags romantikk og kurtise! Her er det berre å gle seg. |
Nyheiter >