Nyheiter‎ > ‎

Generalforsamling i Velledalen Montessoriskule AS

lagt inn 21. mai 2014, 06:46 av Kristin Grebstad   [ oppdatert 21. mai 2014, 06:52 ]


Måndag 19.mai var det halde generalforsamling i Velledalen Montessoriskule AS og omlag 20 personar møtte fram på grendahuset. 
Det var knytt størst spenning til kven som ville bli ny styreleiar i selskapet, og etter eit " gruppemøte" enda ein opp med dette styret:
Leiar: Jon Hjortdal
Styremedlemmar: Hanne Ulset ( ny ), Mette Ulvestad ( ikkje på val ), Arnhild Drabløs ( ikkje på val ), Jostein Berge ( ny )
Vara: 1. Petter Velle, 2. Rune Welle, 3. Annika Bueide.
Pernille Lervåg, Bernt Are Lervåg, Asgerd Godøy og Nils Terje Skylstad gjekk alle ut av styret og fekk takk for god jobb i ei viktig oppstartsfase.

Les årsmeldinga frå styret her:

ĉ
Kristin Grebstad,
21. mai 2014, 06:50
Comments