Nyheiter‎ > ‎

Gå for Filippinene

lagt inn 2. des. 2013, 03:39 av Ukjent bruker   [ oppdatert 2. des. 2013, 04:39 av Kristin Grebstad ]

Fredag 29.november arrangerte skulen " Gå for Filippinene" der målet var å samle inn pengar til May Britt Tynes sitt arbeid der. Måten elevane samla inn pengar på var med å gå, dei gjekk ei løype og på førehand hadde ein spurt ulike firma om å betale ein sum pr.runde elevane gjekk og denne dagen var det stor innsats ute i løypa. Heile 264 rundar gjekke elevane og saman med inntekter frå elevkafèen og frå foreldre / besteforeldre som gjekk runden samla dei inn totalt kr. 10933!!!  
Dei firma som støtte arrangementet var Sykkylven Energi, Hole Maskiner, Grande og HT bygg og skulen vil gjerne takke dei for at dei støtta arrangementet.
Elevane kosa seg denne økta, det var mykje trim og moro ute i løypa og ein tur inn på kafèen var ei fin avslutning på dagen. 
Vi tek med ein kommentar frå ein 2.klassing ute i løypa:
" Det handlar ikkje berre om pengar, det handlar om å leve lykkelig"



Gå for Filippinene 2013






Comments