Elevrådet skuleåret 2012 / 2013 og May Britt Tynes. Fredag 29.november skal alle elevar og tilsette ut å gå for Filippinene, dvs. at dei skal gå ei løype og vi har utfordra ein del bedrifter til å betale ein sum pr. runde kvar elev går. Vi har fått positive tilbakemeldingar frå Sykkylven Energi, Grande Trevarer og HT Bygg, og vi håper på at endå fleire bedrifter sei ja til å støtte tiltaket vårt . Foreldre, besteforeldre og andre som vil vere med kan møte opp kl.13.00 på skulen,for dei kostar det 20 kroner pr runde dei går. Elevane vil ha kafè mellom klokka 13- 15 og håper mange vil kome innom for å kjøpe seg kaffi, saft, kaker og vaflar. Alle inntektene går til May Britt Tynes sitt arbeid på Filippinene. Velkomen! |
Nyheiter >