Vi hadde i fjor eit «kyllingprosjekt» og dette enda opp i eit felles opplegg om hønsehus saman med Velledalen Naturbarnehage der vi deler på arbeidet. Vi får ein del egg som vi brukar på skulefrukosten til elevane. Vi har to hanar, det er ein for mykje har vi oppdaga og vi måtte ta grep å slakte den eine av dei. Dette fekk elevane i gruppe 2 tilbod om å vere med på i dag på skulen, og mange av elevane hadde eit ynskje om å vere med. Vi hadde alliert oss med ein lokal " slaktar" og ein lokal kokk som skulle flå hanen og hjelpe oss å koke hanesuppe. Det var mange spente elevar som kom med underskrift frå foreldra om at dei kunne vere med på dette "haneprosjektet " vårt. Etter ei kort samling på klasserommet gjekk vi til hønsegarden for å hente hanen og frakte han til bålplassen vår der vi skulle halde til. Elevane fekk gode forklaringar på kva som skulle skje og dei fekk stille spørsmål både til han som slakta og han som flådde. Mange var nysgjerrige på kva som var inne i hanen og ikkje minst korleis hjarte såg ut. Vi gjekk så tilbake til skulen for å førebu hanesuppe og kokk Asgeir var ein flink læremeister. Elevane kokte kraft på hanen og dei kutta opp gulrot, løk, selleri, purre og persille som skulle i suppa. Etter nokre timar med koking var maten klar og det var tid for å smake. Nokre meinte det smakte som kylling, nokre synst det var sånn passe, nokre var ikkje svoltne , nokre åt litt og nokre åt også andre sine porsjonar. Dagen vart avslutta med ein samtale om kva elevane har lært frå hanen var eit egg i rugekassa til vi slakta den i dag og kunne koke suppe av den. Eit vellukka prosjekt som elevane ikkje gløymer med det fyrste :) |
Nyheiter >