Måndag 3.mars var fyrste dag for førskuleborna ved skulen vår. Det var ein spent gjeng som kom opp saman med Jan Erik frå Velledalen Naturbarnehage, og på veg inn dørene fortalte dei villig om alt dei kunne. Sølvi hadde opplegget denne dagen, og dei tok villig imot det ho presenterte for dei. Førskulegruppa skal kome på besøk på skulen kvar måndag framover i ti veker, og vi trur og veit at dette vil gjere at dei er godt førebudde til skulestart i august. |
Nyheiter >