Nyheiter‎ > ‎

Den naturlige skolesekken har innvilga pengar til miljøprosjekt på Velledalen Montessoriskule

lagt inn 3. juli 2014, 07:37 av Kristin Grebstad


Den naturlige skolesekken (DNS)  er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet. Dei ynskjer at det​ skal bidra til å utvikle nysgjerrigheit og kunnskap om natur og samfunn, bevisstheit om berekraftig utvikling og auka miljøengasjement med elever og lærere i grunnopplæringa. Kvart år deler dei ut midlar til prosjekt der skular og eksterne aktører utarbeider undervisning som tek i bruk andre læringsarenaer. Velledalen Montessoriskule har søkt og fått innvilga midlar til sitt prosjekt som vil ha fokus på matproduksjon frå frø til ferdig mat.

Dette vil vere knytt opp til mellom anna skulen sin økologiske skulehage. Denne fekk  vi nettopp  innvilga midlar til frå Fylkesmannen.
Skulen serverar gratis varm middag ein gong pr veke til alle på skulen og elevane sjølve er med på førebuingane av dette. Det er og tilbod om gratis frukost til alle på skulen kvar morgon. Det vi ynskjer med prosjektet er mellom anna at alt det elevane er med på å dyrke og produsere skal nyttast ved måltida på skulen. På denne måten vil elevane lære å sjå korleis ting heng saman.


Comments