Vi har søkt om å få vere med på eit opplegg i regi av Kultursekken og Vestnes kulturskule og det er gruppe 2 som er dei heldige denne gongen. Heile gruppe 2 starta torsdagen med oppvarmingsleikar og øvingar / innfalssvinklar til det å lage ei historie. Heile gruppa laga også historia saman. Historia blei så delt opp i fleire episodar/scener. Elevane utfører alle prosessane som skal gjerast frå historie til ferdig film og alle elevane laga figurane som skulle vere med i historia / filmen – og også scenografien til dei ulike episodane. Alle lag også ”storyboard” – manuset med oversikten om alt som skal skje i filmen. Elevane blei så inndelt i grupper – der ei gruppe om gongen får arbeide med animasjonskassa. Medan gruppene vekslar på å arbeide med animasjonskassa og sjølve filminga, skal dei andre elevane lage "The red carpet interview". Dei skal lage kinoplakatar, cover til dataspel basert på filmen, lærer intervjuteknikkar, korleis henvende seg til kamera, dei filmar intervjuet og lærer korleis ein regissør jobbar. På denne måten får elevane eit tett forhold til historia og filmen dei lagar. Når alle scenene er filma, skal elevane gruppevis også finne / lage lydane/musikken til filmen. Når filmen er laga redigerer dei den i fellesskap og så er det klart for filmpremiere på fredag ettermiddag. Vi gler oss! |
Nyheiter >