Fyrste veka i sommarferien inviterte vi til aktivitetsdagar i samarbeid med 4H. 10 born i alderen 8 til 12 år var med på desse dagane som gjekk frå måndag til og med onsdag. Det var fokus på økologisk mat, og fyrste dagen reiste vi til Aure for å handle mest mulig økologiske varer. Den dagen laga vi kylling og avokadosalat og fruktspyd. Tysdag var vi på besøk i fjøsen til Petter Velle og vi fekk sjå korleis roboten mjølka kyrne, det var spennande å følgje med på dataskjermen. Der var også mange kalvar som var kjekke å klappe, og dyrelegen kom på besøk slik vi fekk sjå korleis ho inseminerte to kyr. Etterpå var vi på besøk i den økologiske åkeren til Velledalen Andelslandbruk og fekk ei omvisning der. Tysdag laga vi kubab frå Tindemat, og det var populær mat. Siste dagen avslutta vi på Bollamarka og laga gryte med økologisk kjøt og saltbakte poteter til middag og appelsin med sjokoladefondant til dessert.All maten laga vi på bål. Ting må gjerast på andre måtar når ein lagar mat ute, og ting tek lengre tid, men elevane var flinke og tolmodige. Mellom all matlaginga var det tid til leik og fysisk aktivitet. Vi var heldige og hadde med oss Emma og Anne Silje frå 4H -klubben på Ikornnes, dei var gode hjelparar. |
Nyheiter >