Velledalen Montessoriskule vil i måndag, tysdag og onsdag i vinterferien arrangere aktivitetsdagar for alle born frå 3. -7.klasse i kommunen. Frå vår skule kan også 1.-2.klasse vere med. Vi legg opp til å bruke gymsalen på grendahuset , Velledalen symjehall og vi vil også bruke nærområdet til skileik og turar kombinert med matlaging og bålbrenning. Vi har ope frå 08.00 - 16.00, kjernetida er 09.30 - 15.00. 200 kroner pr. dag inkludert mat og aktivitetar Vi håper at dette kan vere eit godt alternativ for mange i vinterferien. Vi har eit begrensa tal med plassar og har sett fristen for påmelding til 10. februar. Påmelding til rektor på rektor@vmskule.no eller mobil 91522451. |
Nyheiter >