Veke 8 er det vinterferie i Sykkylven og SFO på skulen arrangerer aktivitetsdagar måndag, tysdag og onsdag i den veka. Tilbodet er for alle elevane på skulen og i tillegg opnar vi også opp for elevar frå 3.-7-klasse frå andre skular i bygda. VI legg opp til ulike aktivitetar der vi nyttar tilboda vi har i nærmiljøet, slik som gymsal, symjehall, kjøkken og turområder. På kjøkkenet vil vil vi køyre eit opplegg som heiter "Frå jord til bord " der elevane får lære om mat og også får lage sunn og god mat. Det er ikkje ein fast timeplan over dagane endå. det vil vi setje opp når vi ser påmeldinga. Det er ope frå 08.00 - 16.30 kvar dag, og kjernetida er 09.30 - 15.00. Ein kan melde seg på ein, to eller tre dagar, og prisen pr dag er 200 kroner som inkluderer frukost og aktivitetar. Det er pedagogar og assistenar som er ansvarlege for aktivitetane. Lyst å vere med? Send ein epost til rektor@velledalenmontessoriskule.no med namn , alder og om det er spesielle ting vi bør vite om. For spørsmål kontakt rektor på 91522451 eller 702510116 |
Nyheiter >