Vi inviterar born frå heile kommunen til aktivitetsdagar saman med oss 22.-26.juni. Dette er eit tilbod som vi har hatt før og som born frå heile kommunen har delteke på. Du bestemmer sjølv kor mange av dagane du vil delta, kanskje det passar berre ein dag eller kanskje du ynskjer å få med deg heile veka? Tilbodet er ope for dei som går i 3.-7.klasse og kostar 200 kroner pr dag. Vi legg opp til varierte aktivitetar med turar i nærområdet, matlaging ute, gymsalaktivitetar og gardsbesøk der borna får møte ulike dyr. Kjernetid frå 09.30 -15.00 ( ope frå 08.00 -16.00 ). Påmelding til rektor@velledalenmontessoriskule.no eller på 91522451 innan 12.juni. |
Nyheiter >