Nyheiter‎ > ‎

« VM- bedrift « ved Velledalen Montessoriskule

lagt inn 18. nov. 2013, 00:05 av Ukjent bruker
Elevrådet
Elevrådet


Elevane på skulen ynskjer seg fleire og nye leikeapparat på skuleområdet, kva kan ein gjere med det?

Jau, då kan ein spør rektor og styret om ein kan få det og så kan ein også gjere noko sjølv.

 Elevrådet på skulen har i haust vore med på å få i gong ei elevbedrift som vi kallar VM-bedrift. 

Tanken er at vi gjennom å lage ulike produkt kan vere med på å skaffe inntekter til uteområdet ved Velledalen Montessoriskule / Velledalen kulturpark. 

  

Det har vore stor produksjon.

Fyrste prosjektet var å lage fuglekasser som vi elevane skal selge på Førjulsmessa på Velledalen grendahus søndag 17.november. 

I fleire veker har elevar og foreldre hatt snikkarverkstad på kveldstid for å produsere fuglekasser. 

Vi har saga, pussa, bora,spikra, grunna og måla og både små og store har lagt ned ein stor innsats.

Målararbeid.

Elevrådet håper mange vil kome innom standen vår på søndag og kjøpe seg ei unik fuglekasse. 

Det er pleksiglas på baksida slik at ein kan henge den opp rett utanfor vindauget og på den måten følgje med på det som skjer inne i kassa. 

Prisen er minst 200 kroner.


 

Helsing elevrådet ved skulen

Sofie, Frida Sofie og Wiktoria

Comments